– Mange blir sittande inne med spel eller Netflix

Jamie, William og Ole Johannes har gym ein gong i veka. Men kva gjer dei på fritida? Er dei i nok aktivitet?

Jamie Joy Mifsud Litlehammer (11)

FOTO: Janne Nerheim

Kor mykje beveger du deg?

– På skulen leiker eg aktivt med vener i friminutta. Trur faktisk eg er ein av dei som beveger meg mest i klassen. Eg gå også på klatring ein dag i veka, og på ettermiddagen er eg helst ute for å leike.

Er du nok i bevegelse?

– Ja, det er eg. I feriar er det jo deilig å slappe av og ikkje gjere noko. Men i kvardagen er eg stort sett i bevegelse.

Kva kan folk gjere for å bevege seg meir?

– Når eg har vener på besøk seier foreldra mine at vi må slutte å spele og heller gå. Elles kuttar dei internett i huset. Eg spelar ikkje så mykje. Eg vil halde meg i god form.

William C. Johnsen (11)

FOTO: Janne Nerheim

Kor mykje beveger du deg?

– Eg går på handball to dagar i veka. Eg plar også å jogge på tur alle dagar eg ikkje trenar handball. Eg trenar også styrke med far min. Vi har treningsutstyr i kjellaren, så det gjer vi ofte.

Er du nok i bevegelse?

Ja, det er eg. Det er viktig for meg å vera rask og i god form.

Kva kan folk gjere for å bevege seg meir?

– Det er lurt å vera i aktivitet saman med andre. Eg veit kvifor barn og unge er i mindre aktivitet. Mange blir sittande inne med spel.

 

Ole Johannes Tveit Vikanes (12)

FOTO: Janne Nerheim

Kor mykje beveger du deg?

– Eg går tur med hunden min. No leitar eg etter ein ny idrett eg har lyst å byrje på. Eg har gått på friidrett, men slutta i førre veke fordi eg ikkje kjenner så mange som driv med det. Eg går også ein lang fjelltur kvar sundag. Ikkje alltid, men nesten.

Er du nok i bevegelse?

– Ja, men eg vil starte med ein idrett, for det er viktig for meg å vera frisk og i god form.

Kva kan folk gjere for å bevege seg meir?

– Legg vekk Netflix. Det blir ofte slik at ein skal sjå ein episode, og så blir det ein til, og ein til. Det er lurt å berre gå ut fra huset, og så gå seg ein liten tur. Når ein fyrst er i gang, er det lettare å halde fram. Vi som har hund er heldige fordi vi må gå ut på tur.