Litt fakta om teikneseriar

Teikneseriar er historier som blir fortalt av teikningar og tekst. Det er vanleg å bruke ordet stripe. I fleire aviser og vekeblad kan vi lese teikneserie-striper beståande av nokre ruter.

Noregs første teikneseriealbum

Du har kanskje lese Knoll og Tott? Det er faktisk det aller fyrste teikneseriealbumet som kom ut i Noreg. Det kom allereie i 1912 med namnet “Knold og Tot til lands og vands”.

Knoll og Tott dukka opp i Noreg i 1909, som verdas første teiknande stripe i bladet Vor Tid. Frå 1911 gjekk det som teikneseriestripe i bladet Hjemmet.

Knoll og Tott er opprinneleg ein amerikansk teikneserie, og blir ofte rekna som verdas eldste teikneserie.

Nynorske teikneseriar

Er du på jakt etter gode teikneseriar på nynorsk? På seriesida finn du striper og sider som syner noko av det mangfaldet som finst i den nynorske teikneserieverda.På denne lenka vil du finne mange nynorske teikneseriar.

Lær å teikna teikneseriar sjølv

Norske teikneseriar

Den fyrste norske teikneserien som stod på trykk var Kari, Per og Søren på bytur. Andre teiknerseriar som blir rekna som nokre av dei første er: Nils og Blåmann, Smørbukk og Vangsgutane.

  • Nils og Blåmann: Handlar om den foreldrelause guten Nils og geitebukken hans.
  • Smørbukk: Handlar om ein småtjukk, svolten og eventyrlysten gut. Teksta er på nynorsk.
  • Vangsgutane: Handlar om Steinar og Kåre som bur i Todalen i Surnadal. Dei hjelper til på garden som mora driv åleine etter at ho blei enke. Teksten er óg på nynorsk.