– Eg trur eg skal fortsetje å lage teikneseriar

Johanne Selvik (13) går i 7. klasse på Gjelsvik skule i Askvoll kommune. Hennar teikneserie er trekt ut som vinnar i teikneseriekonkurransen.

Det er skikkeleg rart å vite at eg vann. Eg hadde ikkje forventa det i det heile. Det er fyrste gong eg har laga ei teikneserie. Eg har tenkt på det ei stund, så det var kjekt med denne konkurransen. Det fekk meg til å prøve ut historien eg hadde tenkt på.

Les meir om korleis ho laga teikneserien, lengre nede i teksten.

Her er vinnarbidraget

Laga av Johanne Selvik

Historien bak teikneserien

Johanne har laga ein tekst som handlar om ein person som blir mobba. Hovudpersonen skil seg ut frå resten av skapningane på planeten der ho bur. Ein dag finn ho eit tre, som ho likar å vere med. Men så er det nokon som sagar treet ned. Hovudpersonen blir lei seg og tek med seg ei grein frå treet som ho plantar i ei potte. Men det er ikkje det same.

Hovedpersonen gir noko frå seg sjølv til greina. Ho gir auga sine. For det er slik at om ein tek noko frå nokon, må ein gje noko tilbake også, seier Johanne.

Historien handlar vel om å kunne finne trøyst i dei nære tinga.

Teikneserien har ingen tittel

Johanne har valt å ikkje ha noko tittel på teikneserien, og ho har har heller ikkje snakkebobler. Dette er bevisste val.

Eg har henta inspirasjon frå ein YouTubar som heiter Lavender Towne, som har forklart at ein ikkje skal bruke for mange ord. Eit bilete seier meir enn tusen ord.

Johanne fortel at denne teikneserien er ein del av ei lengre historie, og når ho ikkje brukar ord, kunne ho fortelje meir av historien, sjølv om ho nokre gonger hadde lyst til å tilføye nokre ord eller setningar.

Symbolikk i teikneserien

Eg prøvde å få fram stemninga i teikneserien med fargevalet mitt. Hovudpersonen skil seg ut frå dei andre. Dei som mobbar henne har mørkare fargar. Og greina som hovudpersonen plantar får på seg ein gensar med ein varm farge.

Teika på nettbrett

Johanne teikna fyrst teikneserien for hand. Etter dette brukte ho ein kjøpe-app som heiter Procreate. (Det finst mange gratis-appar også som ein kan laste ned og bruke.)

Eg har alltid likt å teikne, sjølv om eg ei periode ikkje teikna så mykje.

Eg føler sjølv at eg ikkje er så flink, sjølv om andre seier at eg er flink.

Men flink det er ho. Johanne konkurrerte med godt over 500 andre innsendte bidrag. Så ho kan med sikkerheit vite at ho både er flink og kreativ og ein meget god teikneseriekunstnar.

Det er fyrste gong eg har laga ei teikneserie. Når det gjekk så bra som dette, vil eg fortsetje å lage teikneseriar, seier ein glad vinnar av Framtida junior si teikneseriekonkurranse.

Johanne saman med klassen ved Gjelsvik skule. (Foto: Privat)