Ghost (2) har over 300.000 Instagram-følgjarar

Hunden Ghost er blitt ei superpopulær songstjerne!

– Det er utruleg. For oss blir det på eit vis berre eit tal. Men, når eg tenkjer på at det er over halvparten av alle som bur i Oslo, skjønar eg kor mange folk det er, seier matmor Aline Søndrol (23).

Lyden av ein stavmiksar

– Det er det at Ghost syng som gjer han så populær. Då han var kvalp laga vi Instagram-kontoen for å dele bilete og videoar med vener og familie, fortel Aline.

Det heile starta den dagen Ghost plutseleg byrja å synge til lyden av stavmikseren.

– Kvar gong vi brukte stavmiksaren ulte Ghost, seier ho.

Både Aline og sambuaren hennar knakk saman i latter den dagen. Dei visste at hunderasen er kjend for å ule etter lyden av sirener og kyrkjeklokker, men var ikkje klar over at ein stavmiksar kunne få hunden til å setje i gong sin musikalske karriere.

– No syng han til alt frå julesongar til dei hottaste hitsa. Når sambuaren min speler FIFA, sit Ghost og syng til bakgrunnsmusikken, ler Aline.

SONGSTJERNE: Det er det at Ghost syng som gjer han så populær. FOTO: Privat

Populær i USA

Hunden er blitt så populær at han har ein manager i USA. Ein manager er ein person som tek seg av det praktiske som skjer rundt Ghost sin popularitet.

– Det er blitt for travelt til at eg kan ha tid til alle som lurer på noko, fortel Aline.

Det er nemleg mange som vil ha eit samarbeid med Ghost. Til dømes bedrifter som lagar utstyr for hundar.

– Det meste vi har fått er 40.000 kroner for eit innlegg på Instagram, fortel Aline.

Aktiv kosebamse

Når Ghost ikkje syng likar han aller best å gå på tur.

– På Instagram ser han ut som ein kosebamse, men han treng mykje tur. Han dreg oss bak seg når vi står på ski og syklar, og han treng tre-fire turar kvar dag.

– Ghost likar også å leike med andre hundar. Elles er det stort sett søvn og mat det går i, seier Aline.