Molly: – Mamma er frå Ulsteinvik på Vestlandet. Så ho har ei nynorsk dialekt. Vi har ei familiegruppe på SnapChat der besteforeldra, tanter og onklar skriv nynorsk til meg. Nynorsk kan vere litt irriterande, men det er trist viss nynorsken døyr ut. Det er mange som brukar det, og derfor viktig å ta vare på. Nynorsken blei til for at dei som snakka dialekt skulle ha eit felles skriftspråk.
- LES OGSÅ: Kvifor har vi både bokmål og nynorsk?
Michelle: – Eg møter nynorsk mest på skulen. Det er eigentleg berre der eg les nynorsk. Utanom tekstinga på ulike TV-seriar. I tillegg er mykje av nyheitene på nynorsk. Det er litt vanskeleg å forstå alt når eg les, men det er norsk akkurat slik som bokmål er norsk – så det skulle berre mangle om eg ikkje klarte å forstå noko av det.
Anker: – Eg er halvt amerikansk, og slepp kanskje nynorsk eksamen når eg vert eldre. Nynorsk er vanskeleg å lese, men eg forstår dialektar og klarer å lese enkle tekstar på nynorsk. Det at språket har ei lang historie er interessant. Og eg kan forstå kvifor det er to språk i Noreg.
Waldemar: – Mor mi er frå Romania, og far min kjem frå Kristiansund. Der budde eg også i ni år før eg flytta til Oslo. Mamma har litt problem dersom eg snakkar Kristiansund-dialekt til henne. Nynorsk er eit språk som eg berre høyrer på TV og dersom vi les tekstar skulen.