Denne saka vart fyrst publisert i søsteravisa vår, Framtida.
EU foreslår no at digitale spelbutikkar må sjekke om du er gamal nok før du får laste ned spelet. Det melder Reuters, Euractiv og Tek.no. Euractiv publiserte lovforslaget i saka si.
Også sosiale medium, KI-tenester og videodelingsplattformer blir påverka. Ifølge forslaget skal EU sikre at aldersgrensene blir følgde med hjelp av ei eiga teneste eller andre løysingar frå offentlege myndigheiter.
Forslaget blei lagt ram 17. september, men det kan ta fleire månader med diskusjon før ein eventuell lov er klar.
Spel må ha aldersgrense
Ifølge forslaget må alle spel som vert selde på nett bli merka med aldersgrense. Om ein ikkje er gamal nok, kan ein bli nekta å laste ned spelet.
– Mindreårige må få lov til å dra nytte av det store potensialet i digitale tenester, medan dei blir beskytta mot misbruk og utnytting, heiter det i forslaget.
Aldersbestemte avgrensingar
For sosiale medium vil barn frå 3 til 13 år berre få tilgang til barnevenlege tenester, med kontoar som foreldra kontrollerer. Det inneber avgrensingar for skjermtid og kontakt med framande.
Det vil ikkje vere mogleg for barn under 3 år å få tilgang til sosiale medium eller risikable tenester.






















