Ingrid er jenta som Alexander syng om i Fairytale

Du hugser garantert Alexander Rybak sin vinnarlåt «Fairytale»? Det var forholdet til Ingrid som inspirerte han til å lage songen som gjorde han til vinnar av Eurovision Song Contest 2009.

Ingrid er rett og slett kvinna som gjorde livet til Alexander om til eit eventyr.

I år er Ingrid Berg Mehus sjølv med som artist i årets MGP, og skal framføre «Feel» 2. mars.

NRK fortel at Ingrid er eks-kjærasten til Alexander. Songen «Fairytale» blei til etter at forholdet mellom dei tok slutt. Ho er derfor jenta bak låta.

Fairytale, ESC-vinnar 2009