Snill eller slem? Bli med i skrivekonkurransen vår!

Skrivekonkurranse for 10-13-åringar over heile Noreg – med fine premiar!

Framtidajunior.no og Foreningen !les inviterer barn over heile Noreg til å vera med på ein skrivekonkurranse i samband med Tid for ti-aksjonen.

Tid for ti er ein aksjon i regi av Foreningen !les og presenterer utdrag frå ti nyare, nynorske bøker. I bøkene møter vi nokre personar som er snille, og andre som ikkje oppfører seg så bra.

Vel éi av desse oppgåvene:

  1. Er ein anten snill eller slem? Skriv eit lesarbrev der du diskuterer om det går an å vera begge delar, og kom gjerne med eksempel frå bøkene eller livet elles der du viser korleis ein kan vere det.
  2. Skriv ein tekst der du prøver å forklara kvifor du trur menneske ikkje alltid oppfører seg så bra. Kvar kjem det vonde frå? Kom gjerne med eksempel frå bøker eller nyhende du har lese!
  3. Skriv om ein person du synest er snill. Kva er det som gjer denne personen så snill? Og kva kan andre læra av denne personen sin måte å oppføra seg på?

Innleveringsfrist: 14. mars

Maks lengde: 350 ord

Lurt å tenkja på:

– tenk at det du skriv skal kunne koma på trykk i Framtidajunior.no slik at mange andre kan få lesa det du skriv

– det er lov å vera både morosam og alvorleg

Send til junior@framtida.no merk i emnefeltet med “Skrivekonkurranse”