Ei kinesisk romsonde har landa på ein tidlegare uoppdaga del av månen

Natt til torsdag norsk tid, landa den kinesiske romsonden Chang’e-4 på den sida av månen som vender vekk frå jorda.

Månen roterer rundt si eiga akse på ein slik måte at det alltid er same sida av overflata som vender mot jorda. No er omsider det første bilete av den mørklagte, og uoppdaga delen av månen tilgjengelege.

Har med seg frø og egg frå insekt

Chang’e-4 skal etter planen utføre fleire eksperiment på den fjerne sida av månen, mellom anna av det store krateret Von Kármán. Etter at romsonden vart skoten opp tidleg i desember skreiv NRK at Chang’e-4 mellom anna har med seg frø frå plantar og egg frå insekt, og at kinesarane vil undersøke kor vidt desse kan spire og gro saman i den låge tyngdekrafta på månen.