Silje er stjerne på TikTok – snart kjem ho med nytt program

Etter at Silje Sirnes Winje kledde seg ut i Spiderman-drakt og handla på butikken, endra alt seg. Ho blei ei ny stjerne på TikTok.

Fakta om Silje, Popp og TikTok

Silje Sirnes Winje er ein kjend programleiar frå NRK Super. I tillegg til å vere journalist er ho forfattar, artist og stjerne i TikTok. Til våren kjem hennar neste plate. No er ho aktuell som programleiar i Popp som blir lansert i januar.

TikTok

Før heitte appen Musically. I denne appen lagar ein video som ein delar med sine følgjarar.

Popp

Programmet startar ein gong på nyåret, og skal ha fleire sendingar i veka. Kvar du kan sjå programmet og når det startar er framleis litt hemmeleg. Programmet tek utgangspunkt i filmar frå Tik Tok. Silje er programleiar og vil ha gjestar i studio, samt gi utfordringar, ha Popp-hacks og andre morosame spaltar.

LES FAKTALUKK FAKTA

@supersiljewinje har over 22 tusen følgjarar på appen TikTik. Ein app der brukarane lagar videoar som dei deler med sine følgjarar.

Eg var interessert i kva TikTok var, og laga meg ein konto. Eg merka fort at eg ville vere med på å inspirere dei unge med å vise at det er gøy å vere litt annleis.

Kjem med nytt program

Silje fekk fort ein idé om eit programkonsept som tek utgangspunkt i appen TikTok. No har dette gått i boks. På nyåret kjem programmet Popp, der ho er programleiar.

Popp skal synleggjere det dei unge er opptekne av. Dei skal nemleg vere delaktige, seier ho.

Kvar og når programmet kjem, er enno litt hemmeleg, men det er berre å følgje med.

Elsker å drite meg ut

Eg likar å vere annleis. Det som er flaut er som regel alltid gøy, og det er nok det som er grunnen til at kontoen min blir følgd av så mange.

Det tok heilt fullstendig av etter Spiderman-videoen, og etter dette har eg fått meir og meir respons. Eg prøver å svare på alle meldingane eg får, men klarer ikkje å rekke over alt. Men dei skal vite at eg ser og følgjer med. Eg er så inderleg opptatt av kva følgjarane mine gjer.

Det Silje gjer i filmane er å bruke trendane som dei unge brukar i Some-verda. Desse tek ho og legg til ein liten vri. På den måten blir videoane annleis, morosame og noko uventa som publikum set pris på.

Det dei bryr seg om, bryr eg meg om

I det nye programmet har ho fått med seg ulike profilar frå TikTok. Mellom anna Emilie Lein som har svimlande 1,8 millionar følgjarar. Saman skal dei gi utfordringar, og på den måten kan alle som er på Tik Tok bli ein del av programmet.

I Popp skal vi møte etablerte stjerner, sjå på ulike trender på Some, gi utfordringar til brukarane. Og så har vi ei spalte som heiter Popp hacks – der vi lagar stæsj.

Det dei unge bryr seg om, bryr eg meg om. Og saman skal vi lage eit kjempefint program.