Sjå den enorme postkassa til julenissen

Sender du brev til julenissen på Grønland kjem brevet ditt i denne postkassa.

ENORM: Dette er den enorme postkassa til julenissen på Grønland. (Foto: Charlotte Branner, journalist i den danske avisa Politiken)

Denne saka stod fyrst trykt i den danske avisa Politiken.

Julenissen si postkasse har blitt flytta til den vesle byen Uummannaq på Grønland. Byen har 1300 innbyggarar.

Her skal skuleelevar få vere med å hjelpe nissen med å svare på breva som kjem.

På den måten får fleire svar frå julenissen.

Kven veit? Kanskje du får svar om du sender?

Du kan jo prøve. Adressa er:

Julenissen

3961 Uummannaq

Grønland

Fakta om Grønland

Grønland er verdas største øy. Geografisk høyrer øya til Nord-Amerika, men politisk høyrer ho til Europa. Grønland var eigd av Danmark, men har hatt sjølvstyre sidan 1978. I 2009 fekk dei utvida sjølvstyre, utanom utanriks- og sikkerheitspolitikken. Dronning Margrethe er dronning i Grønland.

  • Det bur 56 171 personar der (tal frå 2017).
  • Dei snakkar grønlandsk.
  • Valutaen er Danske kroner (DKK)