I dag er det #VerdasBarnedag

Har du på deg blå klede i dag?

I dag, 20. november, er det nemleg #VerdasBarnedag! Mange barn i heile landet kler seg i blå klede i dag – for å støtte FN sin barnekonvensjon.

Her kan du sjå kva som står i Barnekonvensjonen på Regjeringa si nettside: FNs barnekonvensjon om barnerettane.

Tryggleik

Unicef har sett i gang ein skuleaksjon i samband med barnedagen. I år er temaet at alle barn sin rett til tryggleik.

Unicef har invitert elevar i grunnskulen til aksjonen «Trygg først og fremst – på kvarandre». Alle skuleklassar som deltek heng opp ein plakat med sitt opprop på skuledøra. Bodskapen som står på plakaten er til politikarar, foreldre, lærarar og lokalpressa. Eit opprop er ein bodskap ein vil andre skal lytte til.