Ny forsking: Latter kan vere bra for barn si hjerne

Forsking viser at latter kan gjere at barn si hjerne utviklar seg betre og at dei lettare lærer nye ting. No meiner forskar at humor bør bli ein del av skulen.

Gjennom ulike studiar har forskaren Dr. Jacqueline Harding sett på korleis latter og leik bidreg til sunn utvikling av barn si hjerne, skriv Good News Network.

Ho har funne at latter kan hjelpe barn med å takle utfordringar dei møter i livet, og gjere dei betre på å handtere stress. 

– Når vi ser barn som ler, er vi vitne til at hjernen deira er i aksjon: latter er læring, koplingar og vekst, seier Jacqueline.

Nye, positive vegar i hjernen

Latter er nemleg med på å byggje koplingar og vegar i hjernen til barn som er under utvikling. Når barn tolkar humor og ler av det, skjer det samansette og innvikla prosessar i hjernen. Dette gjer at desse nye koplingane og vegane dannar seg, og hjernen blir meir rusta for å ta imot ny informasjon og utfordringar.

Til dømes gjer latter at hjernen produserer mindre av hormon som gjer deg stressa, og meir av hormon som gjer deg roleg og lykkeleg. Hormon er stoff i blodet som sender beskjedar frå ein del av kroppen til ein annan. Beskjedane får ulike ting til å skje i kroppen.

Latter bidreg også til at barn hugsar meir og til å styrke immunforsvaret. Immunforsvaret er eit system i kropen som beskyttar mot smitte og sjukdom.

På grunn av funna sine meiner Dr. Jacqueline Harding at humor bør bli ein del av skulen for å gjere det enklare å lære og for å gi elevane mindre stress.