Forskarar har funne ei urgamal og bitte lita stjerne

Denne vesle stjerna er heilt spesiell, og kanskje den eldste i universet.

I vrimmelen av stjerner der ute, er kanskje ikkje den nyoppdaga “2MASS J18082002–5104378 B” særleg imponerande. Den er bitte liten – med berre 14 prosent av massen til vår eiga sol, skriv Forskning.no. Men denne vesle stjerna er heilt spesiell, fortel Kevin C. Schlaufman frå Johns Hopkins University og kollegaene hans.

Eldgamal

Den er nemleg eldgamal, kanskje ei av dei eldste i universet. Og den er laga av eit heilt spesielt materiale, nemleg stoffet som vart spruta ut av “Det store smellet”, også kalla “Big bang”. Big bang er teorien om at ein eksplosjon førte til at vårt univers vart til for 13,8 milliardar år sidan.