Vakna av Sankta Lucia og eit brak!

Mange barn har vore på leir no i haust, og ein av dei var Mina Kvalsund Brendmo (11). Ho og venninna Ella Annea Kopperstad Iversen (10) reiste på leir til Kjeldsund på Sunnmøre.

Mange dreg på leirskule gjennom skulen. Men det er også mogeleg å reise på leir sjølv. Det gjorde Mina og venninna.

– Leir er veldig gøy, seier Mina. – Eg har vore på leir kvart år sidan eg gjekk i 2. klasse.

Mina budde på rom med bestevenninna Ella, som ho har kjent sidan barnehagen. På rommet blei dei også kjent med to andre jenter som heiter Dina og Elena.

(Saka held fram etter bilete).

GODE VENNER: Mina og Ella har kjent kvarandre sidan barnehagen. Å vere på leir er noko dei begge likar veldig godt. Foto: Privat

Vann mjølkerull på lukkehjul

SEIGMANN: Mina var med i ein konkurranse og strekte ein seigmann 13 cm. Foto: Privat

– Det kjekkaste var leirkvelden, for då opptredde eg og ei anna jente med «Halleluja». Alle gjorde noko enten framme på scenen eller gjennom ein felles aktivitet.

Og så hadde dei Misjonstivoli der dei kunne veksle inn ekte pengar til leirpengar og kjøpe forskjellige aktivitetar.

– Eg vann ein mjølkerull på lykkehjulet, seier Mina.

I tillegg blei ho måla i ansiktet, strakk ein Seigmann heile 13 cm, prøvde bowling og kasta svamp på leiarane.

– Det kjedelegaste var bibeltimen, seier ho, og Ella seier seg einig.

Det var to timar med bibellesing og bønnevandring.

– Men det var litt gøy også for det var to personar frå Brasil som snakka om korleis det er i heimlandet deira. Det likte eg å høyre på.

Slepp foreldremas

Å sove borte frå mamma og pappa er ingen problem. Iallfall ikkje for Mina.

– Det er berre veldig, veldig gøy! Det er ingen mas. For då kan eg legge meg når eg vil, seier ho før ho rettar seg sjølv. –  Eller, vi kan ligge i senga og snakke så lenge vi vil.

Det blei ikkje mykje søvn på dei. Mina sovna rundt kl halv tre på natta og vakna av at Ella song Sankta Lucia klokka halv fire, som endte med at Ella ramla ut av senga og hamna i Mina sin koffert.

– Så då lo vi og blei vekte igjen kl halv åtte.

– Vi sov litt i pausane dagen etterpå, seier Mina.

Trass lite søvn så anbefalar Mina leir på det varmaste.

– Det er gøy og lærerikt og vi blir kjent med veldig mange andre. Det er noko alle skulle gjort, avsluttar ho.