Siggen frå MGPjr: – For ein fest dette skal verte!

3. november er det MGPjr-finale, og vegen dit har vore lang. Dei flinke finalistane skal stå på den enorme scenen for fyrste gong. Det skal også Siggen.

Sigrid og Mikkel er spente: På ein skala frå 1.10 . Kor mykje gler du deg? – 10, så klårt! Eg gleder meg meir enn bursdag, jul og 17.mai til saman. For ein fest dette skal verte, seier Siggen.Foto: Julia Naglestad/NRK
Sigrid og Mikkel er spente: På ein skala frå 1 til 10 . Kor mykje gler du deg?
– 10, så klårt! Eg gleder meg meir enn bursdag, jul og 17.mai til saman. For ein fest dette skal verte, seier Siggen.Foto: Julia Naglestad/NRK

Eg trur at finalistane er like spente som meg, men i dag snakka eg faktisk med ein finalist og spurde om han var nervøs. Han svarte at han berre gler seg. Dei er jo heilt rå! Eg skjønner ikkje at dei tør å stå på den store scena og synge framføre heile –Noreg, eg, seier Siggen.

– Det er berre TV

Siggen er ny programleiar i år. Mikkel er hennar makker og saman skal dei lage show. Telenor arena blir smekkfullt. Kanskje fleire hundretusen TV-sjåarar kjem til å følgje med. Den ferske programleiaren kjenner på nervane.

Eg kjem til å verte nervøs rett før, men ofte kan ein bli ekstra skjerpa av å vere nervøs, så det gjer nok ikkje så mykje. Òg så må eg minne meg sjølv på at eg skal kose meg. 

– Viss alt går heilt forferdeleg kan eg sette meg på eit fly til Bahamas og aldri kome tilbake. Og mamma er glad i meg uansett.

– Vi er sterkare saman

Årets tema i MGPjr er «Du er god nok». MGPjr ønsker å vise at alle er gode nok som dei er og at dei skal bygge kvarandre opp.

Felleslåten i år heiter «Sterkare saman» og handlar om nettopp det. Eg synest dette er viktig fordi vi menneske brukar alt for mykje tid på å gå rundt å føle på eit press om at vi må vere betre, morosamare, penare, kulare og alt sånt. Det må vi slutte med. Det vert ein berre lei seg av. Difor bør vi verte flinkare til å hjelpe kvarandre til å føle at vi er bra nok, og passe på at dei rundt oss har det bra. Vi er sterkare saman, avsluttar Sigrid.

Rituale: – Eg må alltid tisse rett før eg går på scenen, og gi dei eg jobbar med ein klem. Elles får vi sjå om kanskje Mikkel og eg finn på eit nytt rituale. Foto: Julia Naglestad/NRK
Rituale: – Eg må alltid tisse rett før eg går på scenen, og gi dei eg jobbar med ein klem. Elles får vi sjå om kanskje Mikkel og eg finn på eit nytt rituale. Foto: Julia Naglestad/NRK

– Viss alt går heilt forferdeleg kan eg sette meg på eit fly til Bahamas og aldri kome tilbake. Og mamma er glad i meg uansett.

Sigrid Velle Dypbukt