Stanghelle skule vann Blåmann-konkurransen

7. klasse ved Stanghelle skule vann videosong-konkurranse med ein musikkvideo som tar «Blåmann, Blåmann, bukken min» inn i vår tid. Sjå videoen under!

Jubelen stod i taket då 7.klasse ved Stanghelle skule fekk beskjeden om at dei hadde vunne Blåmann-konkurransen til Framtidajunior.no og Vinjesenteret.

Blåmann-konkurransen er ein del av markeringa av at det er 200 år sidan den store diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd.

Barn frå heile landet har sendt inn fleire flotte songvideoar av at dei syng «Blåmann, Blåmann, bukken min».

Men éin video skilde seg ut:

Redaktøren i Framtidajunior.no delte ut prisen til 7.klasse ved Stanghelle skule fredag. Foto: Camilla Ruhs

– Videoen til Stanghelle skule var svært gjennomarbeidd og fin, og skil seg ut med å ta Vinje inn i vår tid med bruk av moderne teknologi, seier redaktøren i Framtidajunior.no, Svein Olav Langåker.

Vinje var sjølv opptatt av ny teknologi då han skreiv i avisa Dølen som han starta for 160 år sidan.

Framtidajunior.no-redaktøren delte ut prisen som ei overrasking under eit aviskurs for 5., 6. og 7.klasse ved skulen fredag.

Elevane har hatt god hjelp av musikklærar Markus Kydland til å laga musikken og videoen. Førstepremien er 2000 kroner og eit klassesett av papiravisa Framtida Junior.

Andreplass går til 6., 7. og 8.klassingane ved Midsund skule og tredjeplassen går til 1.-7.klassingane ved Enge skule.

Sjå videoen under her! (og fleire gode videoen under)

Videoen frå 6.,7. og 8.klassingane frå Midsund skule kom på andreplass:

Tredjeplassen går til 1.-7.klassingane ved Enge skule.