Teddybjørn-dagen

Ja, i dag, 9. september, er det kosebamsen sin dag.

Teddybjørnen har sitt namn etter den tidlegare presidenten i USA. Theodore Roosevelt, som også hadde namnet “Teddy” av sine næraste.

Ein må tilbake til ein jakttur i 1902 for å få svar på kvifor kosebamsen skulle ende opp med namnet Teddybjørn. Roosevelt var på jakttur, og nekta å skyte ein bjørn som andre hadde fanga for han. Dette blei det skrive mykje om i avisene.

Etter  episoden blei det laga nokre bamsar som fekk namnet Teddys bjørn, som seinare blei til Teddybjørn.

Kva kan du gjere for å markere dagen?

Du kan ta bamsen din, gje han ein stor klem og sei unnskyld for dei gongane du har skvisa han mellom hovudet og puta. For ikkje å snakke om dei gongane du missa han i bakken, og kanskje måtte vaske han i vaskemaskinen?

Eller kva med å synge Alf Prøysen si vise?