• Bruk ein nyhendeartikkel til å gjere elevane kjende med omgrepa tittel, ingress, brødtekst, mellomtittel og bilettekst, og samtal om korleis dei fungerer saman og utfyller kvarandre i artikkelen.
  • Bruk ein annan nyhendeartikkel der de fjernar tittel, ingress, bilettekst og mellomtitlar, og ber elevane skrive dei på bakgrunn av det dei kan lese i brødteksten og sjå på biletet. Elevane kan gjerne arbeide saman to og to.
  • Be elevane finne ei nyhendesak med eit emne som opptek dei. Dei kan presentere artikkelen for dei andre i klassen, og seie noko om kvifor dei valde nettopp denne saka.
  • Vel ut ei nyhendesak som handlar om eit nasjonalt eller internasjonalt emne. La elevane bruke denne saka som utgangspunkt for å lage ei sak om lokale tilhøve. Kanskje må dei intervjue nokon. Her er eit døme på ei slik sak:
  • Finn to saker som heilt eller delvis handlar om same emnet. Samtal om korleis desse to sakene er like og ulike, og kvifor det blir slik.
  • Det kan også hende at ein finn heilt eller delvis motstridande informasjon i ulike saker. Samtal om kva som er likt og ulikt i dei to sakene. Kvifor kan to saker bli så ulike, og kan vi vite noko om kva som er rett informasjon?
  • Finn ei sak som handlar om korleis noko er i skolen. Bruk denne saka til ein diskusjon om korleis det som blir omtalt i artikkelen, er på skolen hos dykk. Elevane førebur innlegg, gjerne to og to.
  • Elevane kan gjerne intervjue ein vaksen om ei sak den vaksne er oppteken av, eller om korleis noko var før i tida då den vaksne var ung. Elevane førebur spørsmål, gjennomfører intervjuet, og skriv ein nyhendeartikkel ut ifrå svara dei har fått. Her kan elevane gjerne samarbeide.
  • Lag ei veggavis med nyhendesaker elevane er opptekne av. Dei kan finne saker på Framtida junior, i lokalavisa eller skrive saker sjølv.
  • Elevane kan få skriveoppgåva «Ein dag eg jobba som journalist».
  • Dersom ei av sakene elevane skriv sjølv, er så god at ho kan vere interessant for andre, kan de sende ho inn til Framtida junior og spørje om dei kan publisere saka. Send også med fotografi.

Henta med løyve frå Nynorsksenteret.no.