Mobbeombod på Snapchat

Mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, vil få ned mobbe-tala ved å treffe barn og unge på Snapchat.

Kva gjer mobbeombodet?
  • Snakkar med dei som treng råd eller støtte
  • Rettleiar om korleis du skal gå fram om du opplever krenkingar eller mobbing på skulen din
  • Arrangerer kurs for elevrådsstyre og elevråd
  • Kursar og rettleiar leiing og tilsette i skulen
  • Samarbeider med andre organisasjonar, som til dømes Elevorganisasjonen, Ungdommens Fylkesutval, skulehelsetenesta og så bortetter
LES FAKTALUKK FAKTA

På Snapchat deler Mari-Kristine tips og råd for korleis du kan gå fram om du opplever mobbing, og ho fortel om kva rettar du har dersom du vert mobba. Ho svarar også på spørsmål frå alle som lurar på noko.

– Alle barn og unge kan sende inn spørsmål! Har du Snapchat og er under 13 år? Pass på at du går gjennom tryggleiksinnstillingane med foreldra dine eller andre gode vaksne. Det beste er om de saman finn ut av kva som er ein god måte å bruke Snap på, seier Mari-Kristine.

LES SAKA ” Fleire gutar opplever mobbing på nett” HER.

Teieplikt

Ho har teieplikt slik at du kan kjenne deg trygg på at det du fortel blir mellom deg og mobbeombodet.

– Hordaland er eit stort fylke! Sjølv om eg vitjar dei vidaregåande skulane innimellom, møter eg ikkje alle elevar eller lærlingar der. Dei unge må vite at eg er her, og at eg kan hjelpe om dei ikkje har det bra på skulen. Eg kan til dømes fortelje dei om kva rettar dei har, eller kva dei kan gjere om dei ikkje har det bra på skulen, seier Mari-Kristine.

LES SAKA “Mange vert mobba utan at dei vaksne ser det” HER.

Mobbeombodet i Oslo og snillsnakkombud (elev- lærling og mobbeombud i Østfold) er også på snapchat.

Hjelp å få på snap

Frå før kjenner mange til Tale Maria «Helsesista» Krohn Engvik, også kjent som Helsesista. Ho er heile Noregs helsesøster på Snapchat. Nyleg vann ho pris som årets sosiale medium-personlegdom under Social Media 2018. Helsesista tek også opp mobbing i sine snap-historiar.

LES SAKA “8700 elevar seier dei vert mobba av vaksne i skulen” HER.