Halvparten av lærarane i barneskulen har opplevd vald frå elevar

– Eg trur me må innsjå at me har eit valdsproblem som gjeld alle. Ikkje berre dei som opplever vald og dei som er utøver vald, men også alle rundt, seier Utdanningsforbundets leiar Steffen Handal til NRK.

NRK har snakka med rektor Stein Roar Jakobsen fra Narvik. Han opplevde å få ein brustein kasta etter seg av ein 10-åring.

– Eg runda eit hjørne og var heilt ubudd på at det kom ein stor brustein mot meg. Den var nær ved å treffe meg i hovudet, fortel han.

Undersøkinga er det Utdanningsforbundet som har tinga frå Respons Analyse, og det var 819 lærarar som svara på spørsmål om vald. Av desse seier 344 at dei har opplevd fysisk vald dei siste fem åra.