8700 elevar seier dei vert mobba av vaksne i skulen

I den årlege elevundersøkinga fortel 8700 elevar at dei blir mobba regelmessig av vaksne i skulen. - Heilt uakseptabelt, seier Kunnskapsministeren til VG.

I elevundersøkinga er det elevar frå 5. trinn opp til videregåande skule som seier si meining om skulen.

Av 435.000 elevar som deltok i undersøkinga seier 8700 at dei vert mobba av vaksne. Ikkje berre ein gong, men to gongar eller meir i månaden.

LES SAKA «Mange vert mobba utan at dei vaksne ser det» her.

Folkeskikk

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) meiner dette handlar om folkeskikk.

– Det er heilt uakseptabelt at barn blir mobba av vaksne i skulen. Det handlar om dårleg folkeskikk, seier han til VG.

LES SAKA «Fleire elevar blir mobba i skulen enn før» her.

Lærarar skal beskytte

Steffen Handal, som er leiar for Utdanningforbundet, meiner tala frå undersøkinga er for høge.

– Det er uklårt om det er lærarar eller andre vaksne elevane siktar til, men det er uansett heilt uakseptabelt, seier han til VG.

– Lærarar skal verne barn mot mobbing og truslar på skulen.