Holocaust – Vi må aldri gløyme

Holocaustdagen er minnedagen på folkemordet av jødane under andre verdskrigen.

Under krigen blei jødane lagt for hat av nazistane. Jødane blei fanga – og mista alt dei eigde, og blei sendt til konsentrasjonsleirane i Polen og Tyskland.

Ein konsentrasjonsleir var som eit fengsel, der jødane måtte arbeide og vente på å døy.

Det er mange forferdelege historier frå desse leirane, og for at vi aldri skal gløyme blei det i 1996 oppretta ein minnedag for alle jødane som mista livet under verdskrigen.

Dagen falt på 27. januar fordi det var den dagen Russland i 1945, året krigen slutta, redda omlag 7000 fangar frå konsentrasjonleiren Auschwitz.

Holocaust tok livet av ca. 6 millionar jødar, 400 000 sigøynarar og 250 000 funksjonhemma og homofile.

Lesetips: “Gutten i den stripete pyjamasen” av John Boyne. Ei rørande forteljing om Bruno, ein rik gut, som blir ven med Shmuel, ein gut på andre sida av gjerdet på ein konsentrasjonsleir. Fangane hadde stripete fangedrakter, og det er det tittelen på boka viser til.

Ordforklaringar

Jødar er medlemar av religionen jødedom som stammar frå isralittane.

Sigøynar er eit samleord for omreisande grupper, som frå starten stamma frå India.  Definisjonen på sigøynarar har nok endra seg gjennom tida.

Holocaust er eit gresk ord og betyr “fullstendig brent”.

Nazist er ein person eller gruppe som legg menneskegrupper for hat. Nazibevegelsen starta i Tyskland etter 1. verdskrigen.

Konsentrasjonsleir var leirar som nazistane bygde. Her blei jødane fengsla. Nokre av leirane var bygd for å utrydde jødane, og nokre var bygde som slaveleirar.

Auschwitz var den største utrydningsleiren i Tyskland under andre verdskrigen.