Mange vert mobba utan at dei vaksne ser det

Fire av ti som blir mobba, seier at dei vaksne ikkje visste om det.

I den ferske Elevundersøkinga for 2017  kjem det fram at over 50 000 barn og unge i norsk skule blir mobba fleire gongar i månaden.

LES MEIR OM DET I SAKA “Fleire elevar blir mobba i skulen enn før” her.

Skjer i det skjulte

Ein stor del svarar at vaksne på skulen ikkje visste om mobbinga. Faktisk heile 40,5 prosent, skriv Forskning.no.

16 prosent svara at skulen visste om mobbinga, men at dei vaksne ikkje gjorde noko.

– Det kan vera fleire typar mobbesaker som ikkje vert oppdaga. Fordi dei vaksne ikkje ser det, eller fordi dei vaksne ser det, men ikkje gjer noko med det, seier NOVA-forskar Ingunn Marie Eriksen ved OsloMet til Forskning.no.

Det kan vera mange grunnar til at dette skjer. Nokon av elevane gir ikkje beskjed om at dei blir mobba. Det kan også hende at lærarane ikkje skjønar kor alvorleg mobbinga er.

Mobbelova

I den nye mobbelova som kom i fjor, står det at lærarar har eit stort ansvar for å sjå og melde frå til rektor om mobbing. Alle skular skal sørge for at det er trygt og godt på skulen.

Viss skulen ikkje gjer noko med mobbinga, kan dei faktisk ende opp med å få bøter, det vil seie at dei må betale pengar som straff. Lærarar kan også bli straffa om dei ikkje melder frå om mobbing.