Leander (11), Lucas (11), Herman (9) og Cornelius (9) møtte Randulle

Leander (11), Lucas (11), Herman (9) og Cornelius (9) fekk stå på scena med Randulle i Dyreparken. Vi snakka med dei om speletider og nok søvn.

Leander Berhus (11) og Lukas Østebø (11) fortel at dei får spele 30 minutt samanhengande når dei spelar. Men det blir ikkje til at dei spelar kvar dag no i ferien.

God søvn

Dei passar også på å få god søvn, og har forstått at dei blå lyset i skjermene forstyrrar den gode søvnen.

– Når det ikkje er ferie slår vi at alle skjermar cirka 30-60 minutt før leggetid.

Då søv dei betre. Men no i sommarferien er det ikkje så nøye, då kan det av og til bli skjerm før leggetid.

«Dritkult» å møte Randulle

Herman Waage (9) og Cornelius Garlie (9) spelar cirka 1 time kvar gong dei spelar.

– Vi legg også vekk iPad og telefon i god tid før vi skal legge oss, fortel dei.

På spørsmål om det var kjekt å møte Randulle, svara alle fire gutane at det var «fett» og «dritkult»!

LES OGSÅ: Han er Noregs FIFA-konge: – Eg har draumejobben!