4 om Sommarles

Vi har snakka med Mari (9), Emma (9), Sunniva (10 og Sofie (10) om kva dei skal lese i sommar.

 

  1. Kva skal du lese i sommar?
  2. Skal du vera med på Sommarles 2018?
  3. Kva er den beste boka du har lese?

 

Mari Eikemo (9)

FOTO: Janne Nerheim
  1. Eg held på med «Matilda». Så har eg lyst til å starte på «Secret Kingdom»-serien. Eg les som regel ganske mykje om sommaren.
  2. Ja, eg har meldt meg på.
  3. Det må bli «SVK» eller «Matilda» av Roald Dahl. «SVK» var litt skummel, og «Matilda» er veldig spennande.

 

 

 

 

Emma Mills (9)

FOTO: Janne Nerheim
  1. «Judy Moody»-serien.
  2. Eg er med!
  3. Det er ikkje ei bok, men ein bokserie som er min favoritt. «Secret Kingdom» av Rosie Banks! Det er 12 bøker, og eg har lese alle. Det er både spenning, humor, magi og litt rare ting som skjer i dei bøkene.

 

 

 

 

Sunniva Brun (10)

FOTO: Janne Nerheim
  1. «Judy Moody»-serien. Og «En pingles dagbok! Pluss «Secret Kingdom»-serien.
  2. Eg er med!
  3. Serien «Secret Kingdom»! Eg har lese sju av bøkene. Det skjer så mykje spennande ting i den!

 

 

 

 

 

Sofie Lundal Hustveit (10)

FOTO: Janne Nerheim
  1. Eg skal ta med meg «En pingles dagbok» til Spania. Det er mange som les dei bøkene. Eg skal også lese «Dustedagboka». Den er populær på skulen min!
  2. Eg skal melde meg på!
  3. «En pingles dagbok» (av Jeff Kinney). Fordi den har mykje humor, og eg ler inni meg når eg les den.