Forfattarar sine favorittbøker frå då dei var barn

Brjøn Sortland og Maria Parr har skrive bøker for barn. I forbindelse med Sommarles kjem dei med nokre lesetips, som dei likte å lese då dei var yngre.

(Foto: Janne Solgaard/Aschehoug)

Bjørn Sortland

Har skrive mange bøker for barn, unge og vaksne, og mellom anna gitt ut Kepler-bøkene og serien om Kunstdetektivene.

  • Kva er ditt fyrste leseminne?

– «Fem på vandring» av Enid Blyton. Det var den første boka eg las sjølv.

  • Kor viktig er det å lese når ein er barn?

– Du får oppleva ei ny, stor og rik verd. Du får reisa sjølv om du sit i ro. Du kan bli så utruleg glad eller trist når du les. Eller begge deler på ein gong.

  • Tre bøker du likte å lese då du var barn.

– Fem-serien av Enid Blyton, Barna i Bakkebygdgrenda av Astrid Lindgren og Den siste mohikaner av James Fenimore Cooper.

MARIA PARR. (FOTO: AGNETE BRUN/SAMLAGET.)

Maria Parr

Har skrive dei prisvinnande bøkene Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet.

  • Kva er ditt fyrste leseminne?

Eg trur det må vere at mamma las ei bok som heiter Eplegrisar til meg og syskena mine – igjen og igjen, for vi digga henne. Det handlar om eit gamalt epletre som etter litt stell ber så mykje epler at det tek heilt av.

  • Kor viktig er det å lese når ein er barn?

Å lese er ikkje det viktigaste ein gjer. Det viktigaste er å leike og leve og klatre og vere saman med andre. Men å lese, eller å bli lest for, det gir så mange nye tankar og følelsar. Ofte kan det å gå inn i ei historie gjere at vi kjenner oss mindre aleine og at vi forstår meir.

  • Tre bøker du likte å lese då du var barn.

Eplegriser av Ruth Orbach, Ronja Røvardotter av Astrid Lindgren, Bibelen som teikneserie og Hardy-guttene av Franklin W. Dixon.