Konkurrerer med robotar i verdsfinalen

Hedda Blomvågnes (15) er éi av fire frå Noreg som er med på den internasjonale finalen i First Lego League (FLL).

Fakta om First Lego League:
  • First Lego League er ein  konkurranse for barn og ungdomar som konkurrerer med sjølvbygde robotar. Undervegs får dei oppgåver som skal løysast.
  • First Lego League-laget RoboMech vart meistrar i Skandinavia. No kjempar dei om verdsfinalen i FLL i Tallin saman med 100 lag i alderen 10-16 år.
  • Forskargruppa består av fem personar, men berre fire av dei er med på konkurransen i Tallin. Dei held til i Arna utanfor Bergen.
LES FAKTALUKK FAKTA

RoboMech, som Hedda er ein del, har bygd robotar i Lego som skal vere med på å løyse diverse oppgåver dei får undervegs i turneringa.

Med seg på laget har ho Joel Mathias Søvde (15), Harald Skutlaberg (14) og Bernt Olve Skutlaberg (13). Dei har øvd lenge før dei reiste.

Fokus på teknologi og forsking

– Vi har laga robotar, og konkurrerer med ulike oppdrag vi får undervegs i turneringa. Eine oppgåva vi har hatt er å få roboten vår til å fjerne eit øydelagt røyr under vatn, og erstatte det med eit nytt eitt. Det gjekk veldig bra, seier Hedda.

Årets tema er «Vatn i rørsle», og Hedda kan fortelje at dei har jobba og førebudd seg på akkurat dette. Forskinga er ein stor del.

RoboMech vann prisen for mest innovative forskingsløysing med prosjektet Water Resque Barge. (Foto: Trond Skutlaberg)

«Vatn i rørsle»

– Me har kome fram til ei løysing der vi klarer å gjere saltvatn om til ferskvatn, seier ho.

Dette kan vere bra for land som manglar vatn.

– Og vi har klart å få til eit godt resultat, seier Hedda.

Alle som deltek i denne konkurransen har same mål, men dei kan løyse oppgåvene på ulike måtar. Så står det att å sjå om Hedda og gjengen har klart å løyse oppgåvene så bra at det blir pallplassering i konkurransen.

RoboMech vann prisen for mest innovative forskingsløysing med prosjektet Water Resque Barge