I Russland har ein ornitolog lagt ut ein video av ugla Yoll, som er trent opp til å levere brev.
Ein ornitolog er ein som forskar og studerer fuglar.
Ifølge teksten på Youtube-kontoen, som Nerdist.com har omsett frå russisk til engelsk, er Yoll både fødd og oppvaksen i fangenskap. Ho kan derfor ikkje klare seg i det fri.
I klippet nedanfor kan du sjå Yoll utføre jobben, sjølv om ho ikkje heilt har lyst til å gje frå seg brevet.