Frigjeringsdagen 8. mai

I dag markerer vi frigjeringsdagen, då vi endeleg vart eit fritt land etter fem år med krig.

8. mai 1945 var Noreg endeleg eit fritt land igjen, etter fem år med Tysk leiing av landet vårt.

Det er 73 år sidan, men likevel ein viktig dag å hugse på.

8. mai markerar vi veteranane også. Ein veteran er ein person som har delteke eller deltek i kampen mot krig på vegne av Noreg.