Møt verdas verste forfattar

Neida! Marius Horn Molaug er verdas beste forfattar, ifølgje elevane på Bogstad skule. Marius er forfattaren bak verstingbøkene og snart kjem bok nummer seks, Verdens verste fotballlag.

På Verdas bokdag fekk elevane på 4. – 7. trinn ved Bogstad skule, besøk av forfattaren.

Redd for rektor

– Er rektor her? er det fyrste Marius seier, og får beskjed at ho er vekke på eit møte.

– Flaks! seier Marius. Han er nemleg litt redd for rektorar. Iallfall då han var yngre. Akkurat som hovudpersonen Ruben er.

– Då eg gjekk på barneskulen var eg redd for rektor. Eg gjorde alltid som læraren sa, for eg ville ikkje kome på rektors kontor. Eg hadde høyrt at vi barna måtte sitje på ein liten, liten stol, medan rektor sat på ein stor stol i eit mørkt rom. Rektor hadde visst hoggtenner også, var det nokon som fortalte meg. Det var denne frykta som gjorde at eg skreiv mi fyrste bok; Verdens verste rektor, fortel Marius.

Cosmus Emil Holmberg (10) og Johanne Mingar Øverkil (12) blei med forfattar Marius Horn Molaug inn på rektor sitt kontor, sidan rektor ikkje var på skulen.

Planen er at etter at Marius er ferdig å lese og snakke om bøkene skal alle elevane vere med på å skrive si eiga Verdens verste bok. Dei skal bruke heile dagen for å markere Verdas bokdag.

– Når ein har forfattarar på besøk blir ein inspirert, særleg når det er ein så morsom og flink forfattar som det Marius er, seier Cosmus.

Johanne synest bøkene til Marius er morosame, sjølv om ho helst les fantasybøker om ho fekk velje frå øvste hylle.

Donald Duck sin sjef

I tillegg til å vere forfattar er Marius også redaktør til Donald Duck.

– Eg lærte meg å lese av Donald Duck, fortel Marius.

– Når ein les teikneserie les ein på lik linje som ein gjer ved å lese ei kva som helst bok. Det viktigaste for meg er å skape leseglede, og det synest eg Donald er perfekt til.

Han har vore Noreg sin Donald-sjef i cirka ti år.

– Det er jo litt som å ta vare på ein kulturarv, seier Marius.

Snart aktuell med bok nummer seks

Etter planen skal bok nummer seks i verstingbøkene kome no før sommaren. Boka handlar om skulen sitt fotballlag, der rektor, sjølvsagt er trenaren. Det blir ikkje lett for Ruben og Kent. Særleg blir det vanskeleg då det dukkar opp nokre jenter som Ruben kanskje blir litt interessert i.

Knuser kneskåler: Marius gjekk rundt med balltreet sitt og knuste alt som knusast kan på elevane.

Knuser kneskåler og punkterer lunger

Marius er veldig glad i å møte barn og lese for dei.

– Dei har mange fine idéar, og eg trur nok at eg har fått inspirasjon til mange av historiene i bøkene mine.

– Nokre av idéane har eg tatt får min eigen barndom, men nokre får eg av barn eg møter. Somme idéar kjem når eg ligg i senga og skal sove, medan andre idéar kjem i det eg sit og skriv.

Heilt til slutt las Marius eit utdrag frå Verdens verste venn, der ein litt skummel mann som blir kalla Kålen slår folk med balltreet sitt. Det gjorde Marius også, han gjekk rundt og knuste kneskål, brekte ribbein, gav hjerneristing og punkterte lunger. Alle elevane ville kjenne på balltreet til Marius, Verdas beste forfattar!