Kva tenker barna om nett vs papir?

Er det best å lese bøker på papir eller på nett?

Shubleen, Mulan og Diana likar å lese, og har erfaring både frå nettbrett og papirbøker.

–  Eg har merka at korte bøker med fargerike bilete er best på papir, for min del. På nettbrett les eg gjerne lengre bøker, seier Diana.

For meg er nettbrett best, men eg er veldig glad i vanlege bøker også. Det som er positivt med nettbrett er at ein har alt tilgjengeleg, seier Subleen.

Ein kan misse litt oversikta når ein les bøker på nett, seier Mulan. Det er ikkje så lett å bla seg bak om ein må sjekke noko.

Når jentene har eigentid brukar dei mest tida på å spele spel på nettbrettet, men Diana fortel at ho er ein lesehest, og at ho les opp mot to timar kvar dag.

Eg les mest på gamlemåten, altså på papir, men det er eigentleg fordi nettbøker kostar, medan papirbøker er gratis å låne på biblioteket.

Subleen bruker å søke opp ordet “leseforståing” og då dukkar det opp bøker som har spørsmål til teksta ho les. På den måten får ho øve seg på å bli ein betre lesar. Det kunne ho ikkje gjort på same måten med ei papirbok.

Dilemma: Berre papir- eller nettbøker

Subleen: Då måtte eg valt nettbøker. Det er noko med nettet. Eg føler eg lærer meir når eg jobbar over nett.

Mulan: Eg klarer ikkje velje. Eg må velje begge to. Det er heilt umogeleg å velje berre ein ting.

Diana: Eg hadde valt papir. Garantert! Bøker på papir er best. Bøker treng ikkje internett for å gjere det spanande.

Kva likar du best? Nettbøker eller papirbøker?

Kva likar du best? Nettbøker eller papirbøker?

Nettbøker2
Papirbøker10
Svar totalt: 12

Klassediskusjon: Kva synest du er best? Nettbøker eller papirbøker?