Dette er vêr-verdsrekordane

Fire meter regn, 89.2 minusgrader, eller vindkast med ein styrke på 408 kilometer i timen. Det er heilt utruleg kva vêr denne planeten viser oss.

Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) har sett saman ei gruppe med ekspertar som skal halde orden på kva som er verdsrekordane, skriv Forskning.no.

Her er noko av rekordane dei har funne:

Sterkaste vind: Blei måla på øya Barrow på vestkysten av Australia i 1996. Vindkastet hadde ein styrke på 113,2 sekundmeter (408 km/t).

Mest regn på 24 timar: Det kom cirka 1,8 meter nedbør på øya Reunion i Indiahavet i januar 1966. Same øya har også rekorden for mest nedbør i løpet av tre døger, med nesten fire meter i februar 2007.

Kaldaste stad: – 89.2 grader celsius blei måla på Vostok-stasjon i Antarktis i 1912.

Varmaste stad: 56,7 grader celsius blei måla på Furnace Creek Ranch i Death Valley i California i 1911.

Flest drepne av eitt enkelt lynnedslag: Denne tragedien skjedde då lynet slo ned i ei hytte i Zimbabwe i 1975 og 21 menneske omkom. WMO anslår at 90 prosent av alle bygningar i Afrika sør for Sahara ikkje er sikra mot lynnedslag.

Flest døde i uvêr: Heile 300 000 menneske omkom under ein tropisk syklon som ramma Bangladesh i 1970.