Foto: Bjarte Aarmo Lund, CC BY-SA 2.0-lisens

I år er det 200 år sidan diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Framtida Junior og Vinje-senteret feirar med å lysa ut ein songkonkurranse for alle barn i barnehagar, skular, kor og kulturskular.

Alle som er med er med i trekkinga av eit klassesett av Framtida junior og fleire bøker. Vinnaren får 2000 kroner.

Sjå tekst og notar til songen her

For å bli med på konkurransen

  • Lag ein video av dykk når de syng ein Vinje-song. Det treng ikkje vera vanskelegare enn at de bruker ein mobiltelefon og filmar med den.
  • Vis kreativitet og songglede.
  • Del videoen i eit sosialt medium – hugs å få samtykke frå foreldra til barna som er med.
  • Tagg videoen med #vinjesong og @framtidajunior
  • Send lenkja (urlen) av videoen til vinjesong@gmail.com

Frist: 15. september – men send gjerne inn før!

Bidraga vil bli vurdert av ein jury. Dei vil sjå på kreativitet og songglede som viktige stikkord når dei skal trekke vinnaren.