Er bæsj laurdagsgodt?

Jesper Taxt-Bassant (snart 8) og Solo (13) er gode vener, men har forskjellig meining på kva laurdagsgodteriet skal vere.

Har hunden din ete bæsj? Nei, det har han ikkje. Eller, eg trur kanskje han åt elgbæsj ein gong, men det er lenge sidan.

Kjenner du andre hundar som et bæsj? Ja, Friskis, som er hunden til kusinene mine et bæsj. Han rullar seg i bæsj også. Det likar ikkje tanta mi så veldig, for då må ho dusje han, og det er slitsamt og det tek lang tid.

Kva tenker du om at hundar et bæsj? Eg synest det er ekkelt og rart. Eg trur ikkje det smakar noko godt.

Kvifor trur du at hundar gjer det? Er det bra for dei eller noko sånn? Kanskje dei brukar det som laurdagsgodt?