Kvifor et hundar bæsj?

Dei fleste som har hund har opplevd dette, at hunden et andre dyr sin bæsj. Men kvifor gjer dei det? Veterinær Eva Kristin Lunde svarar på spørsmål frå lesarane.

Svaret er at det finst ein veldig fornuftig grunn til at hunden din vil eta bæsj.

Hundar et bæsj frå andre dyr fordi han treng dei tarmbakteriane for sjølv å få ei god fordøying.

Når eit dyr- eller eit menneske – et mat, så vert dette nedbrote i tarmen til stoff som kroppen kan ta opp og som gjev cellene til kroppen næring. Det er bakteriane i tarmen vår som gjer det viktigaste arbeidet. Utan desse bakteriane vil heile fordøyinga stoppa. Vi lever altså fordi vi har bakteriar i tarmen vår.  

Hunden er eit rovdyr. Det vil seia at han eigentleg er laga for å jakta og eta mindre byttedyr. Hunden er òg det vi kallar eit åtseldyr. Eit åtseldyr et restane etter andre dyr i naturen. Dette kan vera restar etter dyr som har rotna i naturen over lengre tid.

Nokon av dykk har òg sett at hunden grev ned til dømes bein i hagen. Hunden gøymer i jorda mat han ikkje treng ein dag, for å grava det opp att og eta det den dagen det trengst. Då er «maten» som dei grev opp for å eta råtna, men hunden toler dette likevel, dersom han har mange gode tarmbakteriar som hjelper han.

Det er altså ikkje ei lett oppgåve tarmbakteriane til hundane har: dei skal kunna bryta ned og fordøya det vi menneske vil kalla for forderva – øydelagt- kjøt, utan at hunden skal verta sjuk av det. Då må hundane stadig sørgja for at dei får friske tarmbakteriar i kosten sin, og det får dei gjennom å eta bæsj.

– Vert ikkje hunden sjuk av å eta andre dyr bæsjen sin?

Det kan finnast mykje anna enn berre gode tarmbakteriar i bæsj;  virus, parasittar og sjukdomsframkallande bakteriar.

Parasittar er små dyr som lever på andre dyr. Parasittar på menneske er til dømes hodelus.

Virus er små organismar som kan gjera både oss og hundar sjuke.

Hunder likar ofte å eta bæsj frå planteeterar som sauer og hestar. Dette er bra på mange måtar, dei får tilskott av friske bakteriar, og risikoen for at hunden skal få i seg farleg smitte er veldig låg.

– Det er derimot ikkje like lurt for ein hund å eta bæsj frå ein katt eller hund. Då kan hunden nemleg risikera å smittast av parasittar, bakteriar og virus som kan gjera den sjuk.

– Hunden min får berre tørrfôr, kvifor et han då den bæsjen?

Han et likevel bæsj fordi han er ein hund, og har åtferd som ein hund, sjølv om han er temt av oss. Bæsj frå andre artar kan likevel gjera tarmbakteriane til hunden betre rusta til den veldig viktige oppgåva det er å fordøya maten.

Så, trøyst deg med det, neste gong hunden din finn ei deileg ruka med hestebæsj å eta på: Det er godt for noko.

  • Send spørsmål til veterinæren. Skriv til evakristinlunde@gmail.com