
Noreg si tropp er på 109 utøvarar, som fordelar seg på desse greinene:
- Alpint
- Curling
- Freestyle
- Hopp
- Kombinert
- Ishockey
- Langrenn
- Skeleton
- Skiskyting
- Skøyter
- Snowboard

Årets maskot
Den kvite tigeren Soohorang er OL-maskot under dei olympiske vinterleikane i Sør-Korea. Ein maskot er eit slags symbol for noko. I Sør-Korea er den kvite tigeren eit symbol på styrke, tillit og vern. Bjørnen Bandabi er maskot for Paralympics som startar med ein gong OL er ferdig.