Fleire gutar opplever mobbing på nett

I ei ny undersøking frå Medietilsynet kjem det fram at få barn og unge ber om hjelp når dei opplever nettmobbing. Fleire gutar enn jenter fortel om vonde opplevingar.

DETTE VISER UNDERSØKINGA:

* 28 prosent av barn og unge i Norge i alderen 9 til 18 år har opplevd at nokon har vore stygge med dei eller mobba dei på internett, spel eller mobil.

* Åtte prosent har opplevd dette kvar veke eller månad. Sju prosent har opplevd det ein eller nokre gongar i året.

Fire av ti guter i alderen 15-16 år seier at dei har opplevd mobbing på nett. For jenter på same alder er talet litt lavare. Der svarer tre av ti at dei har opplevd digital mobbing.

15 prosent av gutene mellom 14 og 16 år seier at dei opplever mobbing kvar månad eller oftare. I 2016 var det 10 prosent som svara det same.

* Under halvparten av barn og unge som opplever vonde ting på nettet seier ifrå til vaksne.

(Kjelde: Medietilsynet)

LES FAKTALUKK FAKTA

I dag blir Safer Internet Day markert i meir enn 120 land i verda. Her i Noreg har Medietilsynet sjekka kor mange som opplever mobbing på nett, spel og mobil.

– Vi er bekymra over at fleire guter opplever mobbing på internett. Dette er tal både foreldre, skule og andre som hjelper barn og unge må ta på alvor, skriv Mari Velsand som er direktør i Medietilsynet i ei pressemelding.

LES SAKA «Mange vert mobba utan at dei vaksne ser det» HER.

«Jentegreier»

– Det kan vera vanskeleg for gutar å seie ifrå om ting som kan bli oppfatta som «jentegreier», seier Kristin Oudmayer til NRK. Ho jobbar i Unicef.

– Gutar opplever ofte at det er forventa at dei skal tåle det – at dei er robuste og tåler litt røff språkbruk. Men innerst inne kan gutane oppleve det heilt annleis, seier Kristin.

LES SAKA «Fleire elevar blir mobba i skulen enn før» HER.