Fleire elevar blir mobba i skulen enn før

Det er 1300 fleire born og unge frå 5. trinn og oppover som blir mobba dette skuleåret samanlikna med året før.

Resultata frå Elevundersøkinga 2017 viser at 6,6 prosent av elevane har vorte mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare, mot 6,3 prosent året før.

Det tilsvarar over 50000 elevar frå 1. klasse og ut vidaregåande.

Mange fleire seier ifrå

Regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak for hinder at barn vert mobba. Det er forventa at det ikkje har vore nedgang i mobbetala, sidan tiltaka har hatt lita tid til å verka, seier Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Departementet trur òg den store merksemda om mobbing ha bidratt til at fleire elevar seier ifrå og har blitt meir medvite på kva mobbing er.

Flest på 5. trinn

På 5. trinn vert nær 7,8 prosent mobba av medelevar. På det siste trinnet i vidaregåande skule er mobbetalet på 2,3 prosent.

Forskjell på gutar og jenter

Gutane vert utsett mest for å bli slått, dytta eller halde fast. Jentene er derimot meir utsett for å bli kalla stygge ting eller haldast utanfor.

Digital mobbing skil seg ut ved at tala er langt lågare på barneskulen og høgast på ungdomstrinnet. I tillegg er det mange elevar som oppgjev at dei vaksne på skulen ikkje veit om mobbinga.