Prinsesse Ingrid Alexandra er 14 år

H. K. H Prinsesse Ingrid Alexandra er 14 år - Vi gratulerer! Her kan du lese om kvifor ikkje tanta til prinsesse Ingrid Alexandra blei kronprinsesse.

Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 14 år, søndag 21. januar. Ho er nummer to i arverekka til den norske trona, etter far sin, kronprinsen.

Prinsesse Ingrid Alexandra blei fødd som automatisk arving til trona, då far hennar er kronprins. Det var ikkje akkurat slik då tanta til prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd.

Når kronprins Haakon blir konge, blir prinsesse Ingrid Alexandra automatisk kronprinsesse.

Kvifor er ikkje prinsesse Märtha Louise kronprinsesse?

Sjølv om tanta til prinsesse Ingrid Alexandra, prinsesse Märtha Louise, er førstefødd, vart ho ikkje automatisk tronarving, fordi ho var jente. På den tida då ho vart fødd var det andre reglar som gjorde at dersom ho fekk ein bror, noko ho gjorde, så ville tronarva gå til han. Slik er det ikkje no lengre. Hadde denne regelen framleis vore i bruk hadde det vore prins Sverre Magnus som hadde vorte nummer to i arverekka til den norske trona.

Ved ei grunnlovsendring i 1990 blei prinsesse Märtha Louise arvebetinga til trona, men som ein overgonsordning blei det bestemt at mann går framfor kvinne for dei som er fødd før 1990.

Prinsesse Märtha Louise. (Foto: Cathrine Wessel Det Kongelige Hoff) og H. K. H Kronprins Haakon. (Foto: Jørgen Gomnæs/Det Kongelige Hoff).

Visste du at Det norske kongehuset har ei eiga side for barn? Ta ein kikk