Ein draumedag på jobben

Ameli Olving Sælevik fekk vere med i NRK Skolefri på direktesendt tv og radio, for å prøve seg som journalist for Framtida junior.

Kathrine ser til at øyretelefonane sit som dei skal.

Det blir veldig spennande, seier Ameli i det ho går inn i studio.

I studio tek Sigrid Velle Dypbukt og Kathrine Nygaard imot med utstrakte hender.

Eigentleg er det programleiarane i Skolefri som stiller spørsmål til dei som kjem på besøk, men denne gongen er det omvendt.

Ameli setter seg ned framføre ein mikrofon, og når det raude lyset i rommet er tent skal ho starte etter at Sigrid og Kathrine presenterar henne. Og så er det berre å setje i gang.

Kva er den største tabba de har gjort som programleiar?

Sigrid veit godt kva det er. Det er då ho klarte å velte ein kopp kakao over alle knappane som styrer sendinga.

Eg byrja å grine då eg måtte fortelje det til sjefen min. For det er forbode å drikke ved pulten.

Kathrine har også ei god historie. Ho klarte nemleg å spjære buksa si i det ho skulle opp på ein stol for å ta bilete av nokre gjestar.

Kanonflaut!

Sigrid veit om enda ei tabbe Kathrine har gjort. Det skjedde då Kathrine skulle hente inn gjestane som var The Main Level, men så låste ho seg ute, og gutane frå boybandet fekk ikkje vere med på intervjuet.

Det var skikkeleg flaut!

Sigrid, Ameli og Katrhine under sendinga av Skolefri.

Kva bør ein gjere for å bli programleiar?

Øv deg mykje. Leik programleiar med vener eller for deg sjølv. Det gjor eg mykje, då eg var liten, seier Sigrid.

Undervegs i sendinga får Sigrid og Kathrine meldingar frå lyttarar som er ganske misunneleg på Ameli, og det forstår Ameli godt, for ho veit sjølv at ho er heldig. Det er ein draum som går i oppfølging.

Du Ameli hadde blitt ein god programleiar, for du stiller mange gode spørsmål. Ein må vere nysgjerrig når ein jobbar som programleiar.

Kva er det morsomste med jobben?

ALT! roper Sigrid, før Katrine fortel at for henne er gjestane noko av det beste.

Blir ein nervøs av gjestane, noko som kan skje, så må ein berre late som ein ikkje er det, og så ser ein under arma når sendinga er over at ein har ein to meter lang svettering, seier Sigrid.

Klarer ikkje slutte å smile

Ameli fekk stille mange spørsmål, og var svært nøgd då ho er ferdig.

Eg klarer nesten ikkje slutte å smile! Sigrid og Kathrine var så snille. Dei gjorde meg på ein måte god, og tok vekk nervane eg hadde.

Akkurat no er Ameli sikker på at ho vil bli journalist og programleiar.