Biblo Tøyen kåra til årets beste bibliotek

Biblo Tøyen er biblioteket der ingen vaksne får kome inn. Det er berre for barn. No har det unike biblioteket vorte kåra til årets beste bibliotek.

Reinert Mithassel er dagleg leiar for Biblo Tøyen

– Denne prisen delar vi med alle barn og unge på Tøyen, seier Reinert Mithassel, leiaren for Biblo Tøyen.

Ta ein kikk i fotogalleriet for å sjå bilete av det fantastiske biblioteket.

 

Prisen dei har fått er den gjevaste prisen eit bibliotek kan få.

Biblo Tøyen er eit barnebibliotek som ikkje er som alle andre bibliotek. Aldersgrensa her er frå 10 – 15 år. Ingen under, og ingen over den grensa får kome inn. Dei einaste vaksne er dei som jobbar på biblioteket.

Biblioteket er skreddarsydd for barna sine behov. Biblioteket har ein stor Volvo-lastebil som er kjøkken, gondolbanevogn er små møterom, og rundt omkring står fine sosiale plassar ein kan setje seg ned og enten lese bøker eller gjere sosiale aktivitetar.