– Ta vare på kvarandre!

VI HAR SNAKKA MED OSELIE: Oselie tok MGPjr-sigeren heim til Nordfjordeid, i år igjen.

Favorittar
  • Skulefag: Kroppsøving
  • Song: Hjertespråk
  • Mat: Taco
  • TV-program: MGPjr, sjølvsagt 🙂
  • Mobil-app: Instagram og Snapchat
  • Idol: Astrid S og Eva Weel Skram
  • Dyr: Hund
  • Instrument: Piano og gitar
LES FAKTALUKK FAKTA

For no har Eid kommune tre vinnarar til saman. Anna og Vilde frå MGPjr 2016, og Oselie som vinnar frå årets finale.

Oselie vann med låta «Verda vår».

Ho er oppteken av flyktningkrisa som skjer rundt oss, og bestemte seg difor å skrive ein song om dette. Bodskapen er enkel: Vi må byrje å tenke på kvarandre.

– Vi må ønskje flyktningane velkomne, og hugse å ta vare på dei som ikkje har det like bra som oss.

Har gode vener som er flyktningar

Oselie har gode vener som kom til Noreg som flyktningar, og som mellom anna går i klassa hennar. Ho er glad for at ho kan vere med på å få folk til å reflektere med songen hennar.

– Då eg var mindre, forstod eg ikkje kor viktig flyktningkrisa er. Men no er eg snart 15, og har lært mykje som eg er glad for at eg kan få fortelje vidare.

–  Eg er glad for at eg får vere med på å opplyse barn rundt omkring i Noreg om dette. Slik at dei kan få reflektere, for vi må bry oss om kvarandre.

Er det noko med drikkevatnet?

– Det kan vere noko med drikkevatnet her i Nordfjord, men eg trur heller det er kulturlivet som skal ha æra, seier Oselie.

– Det er ei ei stor kulturkommune der musikklivet står sterkt, seier ho. – Det er fint å setje Nordfjord på kartet.

Oselie har spelt piano på kulturskulen i snart åtte år, og i tillegg spelar ho gitar og spelar fotball. Ho er med andre ord veldig aktiv.

– Den støtta eg får frå heile fylket, og resten av landet er enormt stort for meg.

Ein draum på Norway-cup

Det er mange store draumar Oselie sit inne med, og ein av dei kom ho på i fjor då ho var på Norway-cup.

– Då eg var på opningshowet tenkte eg at på den scenen skal eg også stå ein dag. Det er ein av mange draumar eg har, seier Oselie.

Kven veit, kanskje ser vi Oselie på opninga av Norway-Cup neste år? Uansett er det garantert ikkje siste gong vi høyrer frå denne songglade og reflekterte vinnaren av MGPjr 2017.

Har du flyktningar der du bur? Her er Oselie sine tips:

  • Få med deg flyktningane i fritidsaktivitetar. Til døme på fotballtrening.
  • Vis deg at du bryr deg. Snakk med dei og finn på ting.
  • Ta ansvar. Om ikkje du bryr deg, kven gjer det då?
  • Dei har mykje å lære deg også.

Visste du at fjorårets vinnar, Vilde, er i slekt med Oselie? Dei er faktisk tremenningar!