Nynorsk barnebok: Snillionen

Snilionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik - og samtidig eit godt menneske.

Om forfattaren

Arnfinn Kolerud (f.1968) kjem frå Romsdal, men bur på Flatraket i Nordfjord. Han skriv for både barn og vaksne og har fått fleire prisar for bøkene sine. Han liker godt å spele sjakk og besøke barneskular.

(Kjelde: Cappelendamm.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Arnfinn Kolerud er aktuell med ei ny barnebok.

Ein heilt vanleg dag vinn Frank og mor i lotto. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen.

Arnfinn Kolerud. Foto: Kristin Oldeide / Cappelen Damm

Alle i bygda er etter dei tjuefire millionane. Og mor gjer det verre ved å love pengar til den som er snillast. Frank og mor flyktar til Syden. Kor lenge kan dei stikke hovudet i sanden? Kven vinn konkurransen? Og kan det verkeleg ende med at Frank ikkje får ei krone?

Snillionen er skrive på nynorsk og er gitt ut på Cappelen Damm. Romanen er på 232 sider. Ho er ikkje illustrert, og passar godt til barn mellom 9-14 år.

Vil du anmelde boka for oss? Send den inn på tips@framtida.no. Merk mailen med Bokmelding.