MGPjr – Bli med bak scenen, dagen før dagen

Vi tok ein prat med nokre av finalistane i MGPjr 2017. Høyr kva dei sa, dagen før den store festen.

Framtida junior fekk bli med bak scenen til Noregs største musikkonkurranse for barn. Men at det er ei konkurranse tenker ikkje finalistane noko særleg på.

Solmaz synest det er trist at det snart er over, men får fort beskjed frå Eirik at dei ikkje skal tenke på det no.

Sture, trommisen i gruppa F5, heng seg på.
– Vi har blitt veldig gode vener, og det er det viktigaste.

Sjå bileta i galleriet over

Veldig klare for i morgon

Finalistane er forbausande rolege. Dei føler at alt er på plass. Songteksta kan dei, sceneantrekka er klare, og dei føler seg veldig godt ivaretatt av alle som jobbar med MGPjr, med prosjektleiar Eva Rutgerson Bie i spissen.

– No gler vi oss kjempemykje, seier Ella før Sture skyt inn.

– I går hadde eg ikkje kontroll på kva kamera eg skal sjå i til ei kvar tid, men det skal vi øve på i dag. Så det går nok bra.

Ein enorm konsertsal

Dei vandrar rundt i den vanvittig svære arenaen som skal fyllast opp med 15 000 menneskje. For å ikkje snakke om alle dei hundretusen som kjem til å sjå på.

– Når vi står på scenen har vi In-air, fortel Solmaz. – Det er der vi høyrer lyden, og det er veldig nytt for oss.

Ella fortel at når dei har In-air så høyrer dei minimalt. Berre musikken og deira eiga stemme. Men når salen fyllast opp med 15 000 menneskje så vil dei garantert høyre applausen frå publikum.

Ei glede i hjarte

Når Framtida Junior spør korleis det er å stå på den enorme scenen veit dei ikkje heilt korleis det skal forklarast, før Ella tek ordet og bankar seg på hjartet sitt.

– Det er ei lykke som ligg inni her.

Kven som vinn er det ingen som veit. Men uansett så er det nokre heilt fantastiske minner dei har fått oppleve, seier dei.

Vi ønskjer alle finalistane i årets MGPjr, lukke til!

Fyrste rad frå venstre: Ella Lockert Postl «Pop drop dab», Gruppa F5 «Generasjon prestasjon». Består av dei fem gutane i midten på bilete: (lysblå genser) Mathias Ladiszlaidesz, Sigurd Nesje. Bak: Sture Skalstadad, Knut Olav Kleiv og Jonas Ofte Holløkken, Bak frå venstre: Solmaz Afshari «Jeg har en drøm», Eirik Lyng «Her for deg», Elida Hatlevik «Framtid», Veronika Spjøtvold Stene «Æ må reis mæ opp», (rosa jakke) Oselie Henden «Verda vår», (framme) Magnus Winjum-Anderssen «Alt er herlig», Iris Abtahi «Hjem», Edvard Dahl Thoresen «Bare 11 år». Foto: NRK
Fyrste rad frå venstre: Ella Lockert Postl «Pop drop dab», Gruppa F5 «Generasjon prestasjon». Består av dei fem gutane i midten på bilete: (lysblå genser) Mathias Ladiszlaidesz, Sigurd Nesje. Bak: Sture Skalstadad, Knut Olav Kleiv og Jonas Ofte Holløkken,
Bak frå venstre: Solmaz Afshari «Jeg har en drøm», Eirik Lyng «Her for deg», Elida Hatlevik «Framtid», Veronika Spjøtvold Stene «Æ må reis mæ opp», (rosa jakke) Oselie Henden «Verda vår», (framme) Magnus Winjum-Anderssen «Alt er herlig», Iris Abtahi «Hjem», Edvard Dahl Thoresen «Bare 11 år». Foto: NRK

I morgon, spelar dei i denne rekkefølga

Melodi 1: Magnus – “Alt er herlig”
Melodi 2: Iris – “Hjem”
Melodi 3: Solmaz – “Jeg har en drøm”
Melodi 4: F5 – “Generasjon Prestasjon”
Melodi 5: Oselie – “Verda vår”
Melodi 6: Ella – “Pop Drop Dab”
Melodi 7: Elida – “Framtid”
Melodi 8: Edvard – “Bare 11 år”
Melodi 9: Veronika – “Æ må reis mæ opp”
Melodi 10: Eirik – “Her for deg”

Du kan sjå sendinga på NRK1 i morgon klokka 19.55