OMG! Du er så LOL!

Desse orda har du heilt sikkert høyrt før, men kva gjer dei med språket vårt?

Språket vårt er i endring. Vi som skriv nynorsk har ofte kjempa for språket vårt, og mange har jobba aktivt for at vi framleis har eit godt nynorsk skriftspråk.

Språkrådet, dei som jobbar med norsk språk, seier at vi må passe på at engelsk ikkje øydelegg det norske skriftspråket. Det vil seie både nynorsk og bokmål.

Internett har stor makt 

Du har heilt sikkert skrive eller lese ord som LOL, OMG, Yes eller Sorry. Alle desse orda kjem frå det engelske språket.

Ein av grunnane til at engelsken tek meir over, er fordi barn og unge brukar flest utanlandske sider på internett. YouTube er ei side mange barn brukar. Det viser seg at videoane som norske barn ser mest på er engelske. Det same gjeld engelskespråklege dataspel, som regjerer blant målgruppa.

Språkrådet vil at barn lettare skal få møte norsk når dei oppsøker slike sider.

– Engelsk blir lett oppfatta som kult, medan norsk liksom er traustare. Kva status språka har i samfunnet, heng saman med kva dei blir brukt til, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Språkrådet vil prøve å finne ut korleis ein kan løyse denne utviklinga.

Språket har også utvikla seg kraftig dei siste åra, etter at det blei vanlegare å skrive meldingar på mobil, Facebook, Instagram og SnapChat.

Her er nokre av dei mest brukte forkortingane. Kanskje du kjenner igjen nokre av dei?

  • LOL- Laughing Out Loud, norsk: Ler høgt.
  • OMG- Oh My God, norsk: Herregud
  • ASAP- As Soon As Possible, norsk: Så snart som muleg
  • BBL-Be Back Later, norsk: straks tilbake
  • BBQ- Barbecue, norsk: Grillfest
  • BTW- By The Way, norsk: Forresten
  • CU- See You, norsk: Vi sjåast
  • Sorry- Unnskyld (ikkje forkorting, men eit ofte brukt ord på engelsk)
  • Yes- Ja (ikkje forkorting, men eit ofte brukt ord på engelsk)

Kjelde: språkrådet.no