Menneskjer kan kjenne att cirka 5000 andlet

Vi kan kjenna att i snitt 5000 andlet, ifølgje ein ny studie.

Engelske forskarar frå universitetet i York har sett på korleis vi hugser dei vi ser rundt oss.

– I kvardagen er vi vant til å gjenkjenne andletet til vener, kollegaer, kjendisar og mange andre folk. Men ingen har slått fast kor mange andlet folk faktisk kjenner att, seier Rob Jenkins ved universitetets psykologifakultet til Forskning.no.

5000 i gjennomsnitt

Forskarane fann ut at det varierer kor mange andlet vi kan hugse, alt frå 1000 til 10.000.

– Folk kan hugse rundt 5000 personar i gjennomsnitt, seier Jenkins.

Forskarane meiner at enkelte menneskje kan trene seg opp til å hugse eit ubegrensa antal andlet.