Madison (12) fann opp ei vassflaske som du kan ete

12 år gamle Madison Checketts vil kjempe mot plastureining med ei ny oppfinning.

Amerikanske Madison Checketts (12) byrja å jobbe med prosjektet som del av eit skuleprosjekt. Ho vart plukka ut til å delta i ein nasjonal vitskapskonkurranse for mellomskuleelevar.

Madison fekk idéen til flaska då ho gjekk langs stranda på ferie i California. Stranda er ein av favorittstadane hennar, men ho såg at det låg tomme vassflasker strødd. Ho tenkte at dette måtte endrast.

Ho prøvde seg fram og fann opp ein innpakning som kan halde vatn i inntil tre veker før den sprekker. Innpakninga er ein mjuk, gele-liknande membran som kan etast, eller lett blir brutt ned i naturen.

Membranen kan halde nesten 2 desiliter vatn i om lag tre veker.

Madison kallar flaska «Eco-Hero», altså øko-helten.


Plast er eit stort problem for livet i vatnet, som her i Serbia. Foto: NTB / AP Photo/Darko Vojinovic og privat (innfelt)