Bananavfall skal få iskrem til å smelte sakte

Et du iskrem når det er varmt? Og så etter ei lita stund startar det å drype is ned mot handa di?

Mange irriterer seg over at is smeltar for fort. Det er jo ikkje så enkelt å nyte smaken om ein må skunde seg for å få spist heile!

No trur ei gruppe med forskarar frå Colombia at dei har funne ein måte vi kan få is som smeltar saktare, skriv Dogo News.

Løysinga? Bananavfall!

Supersmå

Bananer veks nemleg i klasar på ei urt. Kvar klase er festa til ein tjukk stengel som vert kalla «rachis». Denne stengelen vert kasta når bananene vert hausta inn, og det er små bitar av denne forskarane vil tilsette i isen.

Desse små bitane luktar ingenting, smakar ingenting, og er tusen gongar mindre enn breidda av eit menneskehår.

Konkurranse

Forskarane frå Colombia er ikkje dei einaste i verda som jobbar med å finne ut korleis dei kan lage is som smelter sakte. I Skottland er det også ein gjeng som jobbar med saka. Så, det blir spennande å sjå kven som startar å selje isen fyrst!