Roald Dahl-dagen

Forfattar Roald Dahl skreiv totalt 30 barnebøker. I dag er det 102 år sidan han blei født.

Roald Dahl (Foto: Carl Von Vechten /Wikipedia)

Roald Dahl blei født 13. september 1916, og døde 23. november i 1990.

Nokre av bøkene

  • Verdens største fersken
  • Danny og den store fasanjakten
  • Georgs magiske medisin
  • SVK
  • Heksene
  • Mathilda
  • Dustene
  • Charlie og sjokoladefabrikken
  • Den fantastiske Mikkel Rev

Fakta om Roald Dahl

  • Roald Dahl blei født i Wales, men både faren og mora kom frå Noreg.
  • Kva sommar fram til han var 17 år ferierte han i Noreg, i Oslo og Tjøme.
  • Bøkene han skreiv hadde ofte karikerte personar som er overtydeleg onde eller gode.
  • Han er kjend for å ha funne opp mange nye ord: Trogglehumper betyr mareritt, Wizzpopping betyr å fise, og Quogwinkle som betyr romvesen.
  • Han hadde ei lita skrivestue i hagen, og i eit intervju fortalte han at han så og sei aldri rydda eller vaska der. Der sat han i ein lenestol og skreiv historiene for hand.
  • Han hadde også seks spissa blyantar som han brukte gjennom skriveøkta som vara i 4,5 timar.
  • Han konsentrerte seg veldig, og levde seg inn i historiene han skreiv.
  • Quentin Blake er den mest kjende illustratøren til Dahls barnebøker.
  • Bøkene er oversatt til 60 språk.
  • Han har solgt over 250 millionar bøker.
  • Mange av bøkene er også filmatiserte.

Kva er favorittboka av Roald Dahl?

Kva er favorittboka av Roald Dahl?

Verdens største fersken8
Charlie og sjokoladefabrikken88
Den magiske fingeren6
Den fantastiske Mikkel Rev20
Danny og den store fasanjakten16
Dustene14
Heksene39
Georgs magiske medisin23
SVK54
Mathilda62
Andre bøker10
Svar totalt: 340